Vilkår for kursprogram og andre produkt/tenester kjøpt frå Malene Halland
 
1 - Avtalen
Avtalen består av kjøpsvilkåra gitt i teksten nedanfor, samt opplysningar gitt i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane føre, så framt det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgiving.
Avtalen vil i tillegg bli supplert av relevante lovbestemmingar som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.
 
2 - Partane i avtalen
Seljar er Malene Halland (sjå kontaktinfo i siste punkt i denne avtalen), og blir omtala i det følgjande som seljar/seljaren, malenehalland.no eller Malene Halland.
Kjøpar er den forbrukaren som gjennomfører bestillinga, og blir omtala i det følgjande som kjøpar, kjøparen eller du.
 
3 - Digitalt nettkurs
Kjøp av nettkurset "Syklussterk" (heretter omtala som Syklussterk, produktet eller nettkurs) medfører ikkje at det oppstår eit lege-pasientforhold. Kurset er utvikla for å vere ei generell rettleiingsteneste for vaksne som ønskjer kunnskap om eigen syklus.
 
Syklussterk tilbyr videomateriale og anna kursmateriale i ein eigen kursportal, og inkluderer fagleg oppfølging frå Malene Halland i LIVE-webinar i kursperioden, og i ei lukka Facebook-gruppe der ho svarer på faglege spørsmål.
 
Alt kursinnhaldet er digitalt, og blir tilbydd via kursportalen på malenehalland.no, i e-postar undervegs i kursperioden, eller som informasjon i den lukka Facebook-gruppa.
 
Ansvarsfråskriving: Innhaldet i nettkurset er ikkje meint å erstatte profesjonelle medisinske råd, diagnose eller behandling. Søk alltid råd frå legen din eller anna kvalifisert helsepersonell dersom du har spørsmål knytt til medisinske tilstandar.
 
4 - Angrerett
Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan kjøparen angre på kjøpet av vara i samsvar med angrerettlova.
 
Kjøparen må gi seljaren melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å løpe. Alle kalenderdagar blir inkluderte i fristen. Dersom fristen fell på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, blir fristen forlenga til næraste virkedag.
 
Angrefristen blir rekna som overhalden dersom melding er sendt før fristen går ut. Kjøparen har bevisbyrda for at angreretten er gjort gjeldande, og meldinga bør difor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).
 
5 - Sikker betaling
Betaling skjer med Visa, Mastercard eller betaling frå konto, og utelukkande gjennom tenesta Stripe. Vipps er også ein alternativ betalingsmetode, samt faktura.
 
Ved betaling med faktura blir fakturaen til kjøparen utskriven ved utsending av vara. Betalingsfristen går fram av fakturaen og er på minst 14 dagar frå mottak.
 
Kjøp via Stripe er avgiftsfritt, og betaling blir fyrst trekt frå kontoen din når bestillinga er behandla.
 
Kortnummer blir ikkje lagra hos seljaren, men berre hos utgjevaren av betalingstenesta, Stripe. Betalingstenesta nyttar avansert kryptering og strenge sikkerheitsstandardar som PCI DSS-sertifisering, noko som beskyttar kundedata og hindrar svindel. Sjå utgjevaren sine eigne bruksvilkår for meir informasjon.
 
6 - Personvern
Gå til vår personvernside for å sjå korleis malenehalland.no behandlar dataene dine.
 
7 - Til deg som er under 18 år
Personar under 18 år må ha løyve frå verje for å bestille tenester frå malenehalland.no.
 
8 - Om eigarskap og opphavsrett
Malene Halland er eigar av alt innhaldet som blir formidla gjennom malenehalland.no. Alle rettar er verna; det er forbode å kopiere og/eller distribuere materiale som finst på nettsida og/eller i kursportalen.
 
9 - Om brukarkonto og bruk av innhald på medlemssidene
Ved registrering vil du få eit brukarnamn, passord og medlemsprofil som du skal nytte for å logge inn i medlemsportalen. Du kjøper tilgang til portalen sitt innhald i ein avgrensa periode på eitt år etter kurssluttdato. Innhaldet er berre for personleg bruk, og for éin brukar.
 
10 - Streng konfidensialitet overfor tredjepart
Deltaking på alle typar kurs og arrangement i regi av malenehalland.no føreset at alle medlemmar praktiserer teieplikt overfor tredjepartar, det vil seie personar som ikkje deltek på same kurset. Det er strengt forbode å dele eller diskutere medstudentar sine erfaringar utanfor kursrammene.
 
11 - Ansvar for eigne resultat ved kjøp
Malene Halland fråskriv seg alle økonomiske krav knytt til innhaldet på denne nettsida. Ved å kjøpe eit nettkurs eller teneste på malenehalland.no aksepterer du at du er ansvarleg for dine eigne resultat.
 
12 - Pris
Den oppgitte prisen i utsjekkingsvindauget er den totale prisen kjøparen skal betale. Prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som ikkje er opplyst om før kjøpet, skal ikkje kjøparen bere.
 
13 - Avtaleinngåing
Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt si bestilling til seljaren. Avtalen er likevel ikkje bindande dersom det har skjedd skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren, og motparten burde innsjå feilen.
 
14 - Levering
Ved kjøp av nettkurs skjer levering av tenesta på ulike tidspunkt etter at kjøpet har funnet stad. Levering av tenesta startar same dato som kurset byrjar. Deretter blir gradvis tilgang til tenesta gitt.
 
Ved kjøpt av teneste skjer levering på det tidspunkt samtalen, arrangementet eller foredraget har funnet stad.
 
Ved kjøpt av eit produkt er levering skjedd når kjøpar har motteke varen.
 
15 - Ved avlysing og utsetjing
malenehalland.no forbeheld seg retten til å utsetje oppstarten av, avlyse kurs eller endre timeavtalar som følgje av årsaker utanfor vår kontroll. Ved utsetjing vil du bli tilbydd deltaking eller ny time på eit seinare tidspunkt, innan 30 dagar etter utsetjinga. Dersom dette ikkje blir overhalde, eller dersom ei avlysing innan vår kontroll skjer, vil du få refundert heile beløpet.
 
16 – Avbestilling av teneste
Avbestilling må skje seinast 48 timar før for eit foredrag og 24 timar før ved andre tenester. Manglande oppmøte til samtalar blir fakturert i sin heilskap. Ved sjukdom blir 50% av avtalt beløp fakturert, medan legeerklært fråvær ikkje medfører fakturering.
 
17 - Avgrensing av ansvar ved bruk
Ved å kjøpe nettkurs frå malenehalland.no samtykkjer du i å bruke innhaldet på eige ansvar som ei opplysningsteneste. Malene Halland fråskriv seg ansvar for eventuelle skadar som kan oppstå eller krav som spring ut av avtalar mellom partane. Du aksepterer all risiko, føreseieleg eller ikkje.
 
18 - Avtalen er individuell
Alle typar kjøp og medlemskap gjeld for éin deltakar, og det er ein føresetnad at brukar- og innloggingsinformasjon ikkje blir delt med andre. Denne avtalen kan ikkje overførast av nokon av partane.
 
19 - Samtykke til oppseiing ved destruktiv åtferd
Ved å kjøpe dette produktet samtykkjer du i at malenehalland.no kan avslutte avtalen, og avgrense, suspendere eller seie opp kunden si deltaking i programmet utan refusjon av kursavgifta, dersom kunden opptrer destruktivt eller forstyrrande for gjennomføringa av kurset. Dette gjeld også ved brot på vilkåra.
 
20 - Klausul om force majeure
Dersom malenehalland.no blir hindra frå å levere eller gjennomføre plikta si som følgje av tilhøve partane ikkje rår over, som brann, krig, streik, naturkatastrofar eller andre uforutsette hendingar, er malenehalland.no friteken frå alt anna ansvar enn reklamasjonstilfelle og eventuell kreditering av kjøpesummen for den mangelfulle tenesta.
 
21 - Reklamasjon
Dersom det er ein mangel ved tenesta, må kjøparen innan rimeleg tid etter at mangelen blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gi melding om at han eller ho vil gjere mangelen gjeldande. Reklamasjon må skje innan to år etter at kjøparen overtok tenesta.
 
Dersom tenesta har ein mangel som ikkje skuldast kjøparen, kan kjøparen halde attende kjøpesummen, krevje retting, omlevering, prisavslag, heving av avtalen og/eller erstatning, i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova. Reklamasjonar kan rettast til [email protected]
 
22 - Konfliktløysing
Klager skal rettast til [email protected] innan rimeleg tid. Partane skal prøve å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen kontakte Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.
 
Europa-Kommisjonen sin klageportal kan også nyttast dersom du ønskjer å sende inn ei klage, særleg om du er forbrukar busett i eit anna EU-land. Klagen kan sendast her: http://ec.europa.eu/odr.
 
23 - Kontaktinformasjon for malenehalland.no
Malene Halland
E-post: [email protected]
Org. nr.: 924 547 901
Denne avtalen skal regulerast av og tolkast i samsvar med gjeldande norske lover.
Sist endra: 07.01.2025