Når kvinnekroppen ber kostanden
I den internasjonale rapporten frå McKinsey kjem det fram at kvinner lever 25% av liva sine sjukare enn det menn gjer. Ein del av forklaringa ligg i kvinners fysiologi og hormonsamansetning. Dette gjer kvinner meir utsette for blant anna autoimmune sjukdommar, kroniske smertetilstandar, hjertesjukdom, depresjon og demens.
Kvinner er dei som ber fram nytt liv, men meir enn ein av tre som føder vaginalt, opplever varige helseplagar etterpå. I tillegg har kvinner ein fysiologisk sterkare stressrespons enn menn, noko som aukar sårbarheita for stressrelaterte helseutfordringar.
Den største utfordringa er likevel den lave politiske prioriteringa av forebyggande tiltak og det mangelfulle behandlingstilbudet for kvinner.
Dette betyr at kvinner står overfor eit helsevesen som ofte ikkje er tilpassa deira unike behov. For å endre denne situasjonen er det nødvendig med betre forsking på kvinnelege helseutfordringar, auka formidling om kunnskap som føreligg og ei politisk vilje til å prioritere kvinnehelse.
Kvinnesterk gjennom livet
Som kvinne må du tilpasse deg ulike fasar gjennom livet, frå pubertet og voksenliv til overgangsalder og alderdom. For nokre inkluderer denne reisa graviditet og barseltid, mens andre har eigne erfaringar som formar livet. Uansett kva retning livet tek, vil dei fleste møte utfordringar på vegen - hormonelle endringar, stress, kroniske plager eller sjukdommar som særleg rammer kvinner.
Gjennom både jobb og personlige erfaringar har eg sett korleis helseutfordringar kan påvirke livet i stor grad. Eg opplever også eit behov for meir tilgjengeleg informasjon om tiltak som kan styrke kvinners helse. Dette har gjort meg engasjert i å formidle kunnskap om små og store justeringar som kan virke helsefremmande. Samtidig ønsker eg å løfte fram korleis ein – tross alle utfordringar livet fører med seg – kan leve eit godt liv.